Life Support Systems by Poseidon
Flowpressor: Kompressor-teknologi designa for fiskeoppdrett
Luft til omrøring i merdar og/eller oksygenproduksjon
Poseidon leverar svært effektiv, fullt integrert system for lufting av merdar og oksygenproduksjon med Flowpressor i kombinasjon med diffusorløysingar og oksygengeneratoren, Oxypressor.
- Flowpressor til din lokalitet
Flowpressor kan leverast i to variantar. Ein dieseldreven kompressor og ein elektrisk versjon. Begge kompressorane har variabel belastning og kan regulerast trinnlaust, dette fører til eit redusert energibehov og svært effektiv drift - Høg kapasitet
Flowpressor har ein kapasitet på inntil 28 m³/min. Dette gjer at me kan tilføre mykje luft i merdane og sørge for ei rask utskiftingstid på lokalitetar der skjørt blir benytta som barriere mot lus, algar og maneter. Flowpressor kan erstatta andre typar kompressorar for eksempel ved bruk av Midtnorsk-ringen og auke vassutskiftinga i merdane. - Gje fisken gode forhold frå utsett til slakt
Med vassutskifting i merdane med Flowpressor vil det vera muleg å bruka djupe skjørt, samtidig som forholda i merdane er gode gjennom heile produksjonssyklusen. I kombinasjon med Oxypressor vil du og ha eit komplett system for å tilby fisken optimale forhold. I tillegg vil du kunne redusere antal behandlingar og ha ein barriere mot algar og maneter.
«Poseidon’s Flowpressor technology powers our existing bloom mitigation equipment, while producing 60% less greenhouse gas emissions. We have slashed emissions and dramatically reduced our fuel costs while improving overall performance of the mitigation system.” – Brock Thomson, Innovation Director, Cermaq Canada