Strømmenrør – SR800
Skap eit optimalt merdmiljø
Betre merdmiljø
Strømmenrøret er ei pumpeløysing designa for å bidra til betre forhold for fisken i merdane ved bruk av luseskjørt. Ved å oppretthalde eit godt miljø i merdane og unngå behandlingar mot lakselus, vil dette føre til forbetra fiskevelferd og betre økonomi i produksjonen.
Påliteleg og driftssikkert
Strømmenrøret blir levert komprimert og er enkelt å transportere, også under service og flytting på lokaliteten. Strømmenrøret har gjennom testing og praktisk bruk vist seg å vere eit driftssikkert konsept.
Tilpassa styring
Styringa av Strømmenrøret skjer enkelt over nettet, og kapasiteten kan justeres trinnlaust frå 0 til 100%. Styringa kan enten leverast i eit eige elektrisk skap eller tilpassas eksisterende skap på merdene.
Effektiv motor
Motoren har ein effektbruk på 4,5 kW, og kapasiteten er berekna til omtrent 60 m³/min tilsvarande 3.600 m³/time.