Trident Hybrid Cage av Poseidon

Trident Hybrid Cage
Poseidon Ocean Systems unike Trident Hybrid Cage kombinerar plastflytekragen sine egenskapar med stålanlegget sine arbeidsplattformer. Konstruksjonen er bygd opp med flyterøyr i PE med stålbrygger med gangbanar i kompositt.

Kan benyttast på dei fleste lokalitetar
Trident Hybrid Cage er designa for å takle Hs på inntil 3 meter og straumstyrke på 1,5 m/s.

Tilpasningsdyktig
Trident Hybrid Cage er kompatibelt med alt øvrig utstyr som blir benytta på lokalitetane.

Framtidsretta
Trident Hybrid Cage kan leverast med komplett Life Support Platform frå Poseidon, Fjord Miljø sine løysingar eller ein kombinasjon av desse løysingane.

Designa for sikker drift, stabilitet og lang levetid
Moderne fiskeoppdrett kan integrerast i Trident-strukturen, inkludert fôrslangar, el.kablar, luft- og oksygenslangar under gangbanane. I den nyeste versjonen, Trident 3, er det og mulig å plassere røyr med diameter opptil 270 mm under gangbanen. Dette åpnar for og å plassere røyr for transport av dødfisk frå merdane til flåten under gangbanen. Dette sikrar ein snublefri og sikker kvardag ute på merdkanten.